Hopp til innhald

Cecilie Myrseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cecilie Myrseth

Fødd27. juli 1984 (40 år)
Harstad kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, psykolog
Utdanna vedUniversitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
MorHege Beate Myrseth Rollmoen
Alle verv

Cecilie Terese Myrseth (fødd 27. juli 1984) er ein norsk psykolog og politikar frå Lavangen. Sidan 19. april 2024 har ho vore næringsminister i regjeringa Støre,[1] før det frå og med oktober 2023 var ho fiskeri- og havminister i same regjeringa.[2][3]

Myrsteh er utdanna psykolog frå Universitetet i Tromsø. Ho var medlem av Troms fylkesting frå 2007 til 2017. Ho var Arbeidarpartiet sin gruppeleiar frå 2013?. I oktober 2015 tok ho over fylkesrådsleiar i Troms, ein posisjon ho hadde til juni 2017. Hausten 2017 vart ho vald til stortingsrepresentant frå fylket, attvald i 2021. Perioden mellom 2017 til 2021 hadde ho sete i Næringskomiteen.

Myrseth er frå 2019 medlem i Arbeidarpartiet sitt sentralstyre. Ho er utdanna psykolog ved Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet.

  1. «Endringar i regjeringa». Statsministerens kontor. Henta 19. april 2024. 
  2. «Endringar i regjeringa». Regjeringen.no. Henta 16. oktober 2023. 
  3. Hedda Kurseth & Vilde Helljesen. «Her er Støre sine nye statsrådar». NRK. Henta 16. oktober 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Cecilie Myrseth