Hopp til innhald

Dag Inge Ulstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dag Inge Ulstein

Fødd4. desember 1980 (43 år)
Sula
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Bergen
VervNorsk utviklingsminister 22. januar 2019–14. oktober 2021
FøregangarNikolai Astrup
EtterfylgjarAnne Beathe Tvinnereim
Alle verv
  • Norsk utviklingsminister (2019–2021)
  • vararepresentant til Stortinget (2017–2021)
  • stortingsrepresentant (2021–) Sjå dette på Wikidata

Dag Inge Ulstein (fødd 4. desember 1980) er ein norsk politikar og fungerande leiar for Kristeleg Folkeparti sidan 22. august 2024.[1] Han var utviklingsminister i regjeringa Solberg frå 22. januar 2019 til 14. oktober 2021.[2][3]

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Ulstein kjem frå Sula, men har sin politiske karriere i Bergen. Her var han medlem av bystyret 2011–2019. Han var byråd for sosial, bustad og områdesatsing i Bergen 2013–2014 i byrådssamarbeid med Høgre og Framstegspartiet. I perioden mellom 2015 og 2018 var han finansbyråd i Bergen i byrådssamarbeid med Arbeidarpartiet og Venstre. Ulstein har ein bachelorgrad i arbeids- og organisasjonspsykologi frå Universitetet i Bergen og ein bachelorgrad i teologi frå Norsk Lærerakademi. Han er utdanna familieterapeut og har arbeidd i stiftelsen Bergen diakonissehjem.

I debatten om vegvalet til Kristelig Folkeparti hausten 2018, stod Ulstein på den såkalla «raude» sida. Dette gjorde det overraskande at han vart utnemnd til statsråd i den utvida Solberg-regjeringa.[4]

Ulstein har vore vokalist i den kristne popgruppa Elevate[5] og i elektronikabandet Electric City.[6]

  1. NTB. «Dag-Inge Ulstein overtar som midlertidig KrF-leder» (på norsk bokmål). Bergens Tidende. Henta 23. august 2024. 
  2. «Dag Inge Ulstein». Stortinget.no. 
  3. «Endringar i regjeringa». Regjeringa.no. 22. januar 2019. Henta 27. januar 2019. 
  4. «Dag Inge Ulstein». Store norske leksikon. 23. januar 2019. Henta 25. januar 2019. 
  5. «Elevate-konsert på LUS». Sambåndet. 28. juli 2004. Henta 27. januar 2019. 
  6. «Byråd med elektronika-hit på P3». NRK. 27. juni 2013. Henta 27. januar 2019. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Dag Inge Ulstein