Finn Alnæs
Utsjånad
Finn Alnæs | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. januar 1932 Bærum |
Død |
3. november 1991 (59 år) |
Yrke | skribent, journalist |
Periode | 1963-1991 |
Debut | Koloss |
Finn Alnæs (20. januar 1932–3. november 1991) var ein norsk forfattar.
Finn Alnæs var fødd i Bærum. I 1963 debuterte han med romanen Koloss, som vann ein nordisk romankonkurranse. Han fekk òg prisar for fleire av romanane han skreiv seinare, mellom anna Kritikarprisen i 1968 for Gemini.
Alnæs var oppteken av naturvern og friluftsliv. Han bidrog òg i samfunssdebattar med fleire engasjerte artiklar og essay om ulike tema.
Forfattaren døydde på Lillehammer i 1991.
Verksliste
[endre | endre wikiteksten]- Koloss ; Brage Bragessons skrift, 1963
- Gemini, 1968
- Festningen faller, 1971
- På frihetens pinebenk : en prosess, 1972
- Naturkatedral : en opplevelse i ord og bilder, 1976
- Svart snø eller samvern : dokumentarbok fra en brytningstid, 1976
- Musica, 1978
- Dynamis, 1982
- Restdjevelens karneval, 1992
Prisar og heider
[endre | endre wikiteksten]- Nominert til Nordisk Råds litteraturpris i 1964 for Koloss; Brage Bragessons skrift
- Kritikarprisen i 1968 for Gemini.
- Bokhandlarprisen i 1969
- Nominert til Nordisk Råds litteraturpris i 1969 for Gemini
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Truls Gjefsen (1995). Finn Alnæs : titan og sisyfos. Oslo: Aschehoug. ISBN 8203260969.
- Øystein Rottem (1998). «Finn Alnæs - vitalist i motvind». Norges litteraturhistorie : Inn i medietidsalderen. Oslo: Cappelen. s. 90-101. ISBN 8202154774.
- Digitaliserte bøker av Finn Alnæs hjå Nasjonalbiblioteket
- Øystein Rottem: «Finn Alnæs» i Norsk Biografisk Leksikon