Gerald Cohen
Gerald Cohen | |||
Fødd | 14. april 1941 Montreal | ||
---|---|---|---|
Død | 5. august 2009 Oxford | ||
Nasjonalitet | Canada | ||
Yrke | filosof, universitetslærar | ||
Institusjonar | University College London | ||
Alma mater | McGill University New College | ||
Medlem | British Academy |
Gerald Allan «Jerry» Cohen, (fødd 14. april 1941 Montréal, død 5. august 2009 Oxford) var ein canadisk marxistisk filosof og professor ved universitet i Oxford i England. Han var ein av dei fremste forkjemparane for den analytiske marxismen i moderne tid.[1]
Cohen skreiv i 1978 boka Karl Marx's Theory of History: A Defence, som var eit forsvar og vidareutvikling av Marx sin historiske materialisme.[2] Cohen forsvara sosialisme med eit moralsk perspektiv i bøkene sine. Cohen sine tankar vart eit moderne alternativ til den politiske filosofien som John Rawls og Robert Nozick forsvara.[1]
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Gerald Allan Cohen vart fødd inn i ein kommunistisk jødisk familie i Montréal i Québec.[3] Cohen studerte ved McGill University i filosofi og statsvitskap i heimbyen, og ved University of Oxford i filosofi, der han mellom anna vart undervist av Isaiah Berlin.[3]
Cohen var assistentlektor (1963–1964), førelesar (1964–1979), dinest dosent (1979–1984) ved Institutt for filosofi ved University College London, før han vart utnevnd til Chichele Professor ved Oxford i 1985.
Cohen er kjent som ein tilhengjar av analytisk marxisme,[4] og forsvara ei tolking av historisk materialisme til Karl Marx.[5] I Self-Ownership, Freedom, and Equality gav Cohen eit omfattande moralsk argument til fordel for sosialisme, i kontrast til hans synspunkt med John Rawls og Robert Nozick. Cohen kom med ein omfattande kritikk av det Lockeanske prinsippet om sjølveigarskap – det at ein eig seg sjølv og resultatet av sitt arbeid – og bruken av dette prinsippet for å forsvare høgre- så vel som venstre-libertarianisme. I If You're an Egalitarian, How Come You're So Rich? tok Cohen opp spurdagen om kva egalitære politiske prinsipp innebar for den personlege åtferda til dei som hadde dei.
Politisk filosofi
[endre | endre wikiteksten]Cohen slutta seg til Marx sin kritikk av kapitalismen. Den kapitalistiske tradisjonen hadde sett djupe spor i den økonomiske marknadsøkonomien og marknadsutvekslinga, og hadde som konsekvens ført til egoisme, grådugheit og frykt. Han meinte alle marknadar, inkludert sosialistiske marknadar var prega av predasjon, i form av at dei produserte urettferd og utnytta andre menneske.
Cohen meinte ein stat måtte avskaffa privat eigedomsrett over produksjonsmiddela, og gjere det om til felleseige. Staten skulle kontinuerleg omfordele frå dei med flest fordelar til dei med færre. Cohen skildra det normative idealsamfunnet sitt igjennom to prinsipp: det sosialistiske prinsippet om like moglegheiter og fellesskapsprinsippet.
Det sosialistiske prinsippet om like moglegheiter
[endre | endre wikiteksten]Alle menneske skulle ha like høve til å utvikle seg uavhengig av kva lodd dei hadde fått ifrå det sosiale og det naturlege lotteriet. Cohen meinte det var urettferdig at personar var dårlegare stilt enn andre på grunn av forhold utanfor deira kontroll, igjennom eins sosiale bakgrunn og eins naturgitte evner og talent. Likevel var ulikskapar greitt dersom det er ein sjølv som hadde teke valet, t.d. kor lenge ein valde å arbeide. Ei ulik fordeling av godar og moglegheiter kan berre rettferdiggjerast viss forskjellane var eit resultat av val som det var rimeleg å halde aktøren ansvarleg for. Cohen meinte personar hadde ein rett til valfridom sjølv om dette kunne føre til radikale forskjellar.
Cohen forsvara ei form for flaks egalitarisme som handla om å redusere mest mogleg uflaks, igjennom å kompensere til dei uheldige loddtrekkjarane. Alle skulle ha like mange moglegheiter til sosial mobilitet uavhengig av lodda deira frå det sosiale og det naturlege lotteri som vart styrt av anten flaks eller uflaks. Retten til kompensasjon skulle det vere til dei personane som hadde kome uheldig ut på bakgrunn av naturlege og sosiale årsaker, t.d. fysisk eller psykisk veik, funksjonshemma eller få verdifulle talent. Dei heldige loddtrekkjarane i samfunnet skulle kompensere til dei som ikkje hadde fått like mange fordelar i livet. Cohen meinte det var legitimt å bruke staten som eit tvangsapparat for å handheve retten til kompensasjon ved å krevje høge avgifter og skattar frå dei som hadde mest, for så å gjeve det til dei med minst.
Cohen meinte det ville vere utfordrande å danne eit fullkome sosialistisk samfunn, med berre like moglegheiter, ettersom frie personar hadde evna til å ta sjølvstendige val som kunne føre til urettferd, der nokon gagna meir enn andre. Det sosialistiske prinsippet om like moglegheiter måtte supplerast med eit anna sosialistisk prinsipp for å forhindre at «fellesskapet» i samfunnet vart truga.
Fellesskapsprinsippet
[endre | endre wikiteksten]Fellesskapssprinsippet inneber at ein skulle forbyde for store forskjellar mellom borgarane. For store økonomiske forskjellar mellom menneska i samfunnet ville gjere at ein levde i alt for ulike verder, noko som ville stride med det sosialistiske samfunnet. Staten måtte dimed jamne ut dei forskjellane som kunne truga «fellesskapet». Cohen fremja to ideal som var viktige i eit sosialistisk samfunn. Det fyrste var likskapsideal, der sosialt samarbeid var basert på sosial venskap og gjensidig omtanke, dette kravde økonomisk likskap for at borgarane skulle kunne ha «felles liv» der ein forstod og brydde seg om kvarandre som «vener». Det andre idealet handla om felleskapsgjensidigheit som innebar at menneske i samfunnet gjensidig hjelpte kvarandre på bakgrunn av venskap og solidaritet.
Utfordringar
[endre | endre wikiteksten]Cohen meinte det var umogleg å finne ein måte å forme samfunnsinstitusjonane på som kunne skape den forma for sjenerøsitet og omtanke som hans marxistiske sosialisme føresette. Dette var av di menneske ikkje var sjenerøse og uegoistiske, i tillegg ville økonomiske marknadar alltid føre til urettferdig fordeling. Cohen var likevel optimistisk på at ein i framtida kunne greie å finne ei løysing på desse utfordringane.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Karl Marx's Theory of History: A Defence (1978, 2000)
- History, Labour, and Freedom (1988)
- Self-Ownership, Freedom, and Equality. Cambridge: Cambridge University Press. 1995. ISBN 978-0-5214-7174-9.
- If You're an Egalitarian, How Come You're So Rich? (2000)
- Rescuing Justice and Equality (2008)
- Why Not Socialism? Princeton University Press. 2009. ISBN 978-1-4008-3063-3
- On the Currency of Egalitarian Justice, and Other Essays in Political Philosophy (2011). Redigert av Michael Otsuka. ISBN 9780691148717
- Finding Oneself in the Other (2012). ISBN 9780691148809
- Lectures on the History of Moral and Political Philosophy (2013). Med Jonathan Wolff. ISBN 9780691149004
Bøker om Cohen
[endre | endre wikiteksten]- The Egalitarian Conscience: Essays in Honour of G. A. Cohen. Red. Christine Sypnowich. 2006. Oxford University Press. ISBN 9780199281688
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Obituary | GA Cohen | political philosopher», the Guardian (på engelsk), 10. august 2009, henta 26. november 2022
- ↑ G.A. Cohen (1991). «Incentives, Inequality, and Community» (PDF).
- ↑ 3,0 3,1 O'Grady, Jane (10. august 2009). «GA Cohen». The Guardian.
- ↑ «The Labour Theory of Value and the Concept of Exploitation».
- ↑ Singer, Peter (2000). Marx: A Very Short Introduction. Oxford: Oxford University Press. s. 105. ISBN 978-0-19-285405-6.
- Denne artikkelen bygger på «Gerald Cohen» frå Wikipedia på svensk, den 30. oktober 2022.
- Denne artikkelen bygger på «G. A. Cohen» frå Wikipedia på engelsk, den 25. april 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Gerald Cohen i Oxford University.
- Intervju med Cohen frå 1996.
- Intervju med Cohen i Philosophy bites.
- Cohen's Tanner Lectures: "Incentives, Inequality, and Community" Arkivert 31. januar 2015 ved Wayback Machine.
- YouTube
- G. A. Cohen - Against Capitalism - Part 1 på YouTube
- G. A. Cohen - Against Capitalism - Part 2 på YouTube
- Omtalar
- Review of Why Not Socialism? i The Oxonian Review
- Journal of Ethics vigd til Jerry Cohen.
- Nekrologar
- Nekrolog i The Third Estate
- Nekrolog i The Monthly Review
- Nekrolog i The Times
- Nekrolog i The Guardian
- Nekrolog i The Independent
- Nekrolog skriven av professor Stephen Guest ved UCL
- Remembering Jerry Cohen: A Tribute i Socialist WorkerArkivert 29. februar 2012 ved Wayback Machine.
- Takksemd
- Jerry Cohen – an Appreciation Arkivert 14 juli 2020 ved Wayback Machine. av Michael Rosen
- 2010 All Souls College Commemoration of Gerald (Jerry) Allan Cohen av professorane Philippe Van Parijs, John Roemer, Myles Burnyeat og Timothy Scanlon, i tillegg til sonen til Jerry, Gideon Cohen.
- Takketale i gravferda ved All Souls College Chapel, 11 August 2009, av Michael Otsuka. Arkivert 5. november 2018 ved Wayback Machine.
Vidare lesing
[endre | endre wikiteksten]- Cohen, G.A. (2009) Why Not Socialism? Princeton University Press. ISBN 978-1-4008-3063-3
- Tomey, Simon (2012), «An Interview with Jerry Cohen», i Browning, Gary; Dimova-Cookson, Maria; Prokhovnik, Raia, Dialogues with Contemporary Political Theorists, Houndsmill, Basingstoke, Hampshire New York: Palgrave Macmillan, s. 74–85, ISBN 978-0-230-30305-8
- Vrousalis, Nicholas (24. september 2015). The Political Philosophy of G.A. Cohen. Bloomsbury. ISBN 978-1-4725-3270-1.
- Robeyns, Ingrid (Juli 2015). «On G.A. Cohen's 'On the Currency of Egalitarian Justice'». Ethics 125 (4): 1132–1135. JSTOR 10.1086/680879. doi:10.1086/680879.
- Furner, James (2018). Marx on Capitalism: The Interaction-Recognition-Antinomy Thesis. Brill. ISBN 978-90-04-32331-5.