Hesthamar
Hesthamar | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Hordaland | ||
Kommune | Ullensvang | ||
Postnummer | 5778 UTNE | ||
Preposisjon | på Hesthamar | ||
Gardnummer | 110[1] | ||
Ferdselsårer | 550 | ||
Hesthamar 60°26′00″N 6°33′39″E / 60.43333333°N 6.56083333°E | |||
Wikimedia Commons: Hesthamar skrivargard |
Hesthamar, tidlegare òg skrive Hesthammar[2], er ein matrikkelgard og ei lita grend i Ullensvang herad i Hordaland. Hesthamar ligg ved Indre Samlafjorden, på Folgefonnhalvøya, fire kilometer nordvest for Utne. Fruktdyrking er ein viktig leveveg. Hesthamar ligg ved Riksveg 550 og vegen er her del av Nasjonal turistveg Hardanger.[3]
På Hesthamar ligg Skrivargarden, eit våningshus bygd i 1723 av sorenskrivar Jens Fabricius.[4] Bygningen vart restaurert av filosofen Arild Haaland i 1970-åra, og er no freda.[5]
Eit stykke oppe frå fjorden står eit minnesmerke kalla Steinkrossen som etter segna skal ha vorte sett opp til minne om lagmann Sigurd Brynjulfsson frå Aga. Han skal ha drukna på Samlafjorden i 1302 og vorten attfunnen i fjøra på Hesthamar.[4]
Frå 1919 til slutten av 1950-åra låg Hardanger jordbruks- og fruktdyrkingsskule på Hesthamar.[6][7]
Slektsnamn
[endre | endre wikiteksten]Hesthamar er òg nytta som etternamn. Nokre kjende berarar er:
- Kari Hesthamar – journalist og forfattar
- Torolv Hesthamar – tidlegare ordførar i Ullensvang herad
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Matrikkelutkastet av 1950 på nettstaden dokpro.no». Vitja 9. desember 2009
- ↑ ««Hesthamar er rett» publisert 8. desember 2009 på hardanger-folkeblad.no».
- ↑ «Nettstaden turistveg.no». Vitja 9. desember 2009
- ↑ 4,0 4,1 ««Hesthamar» på nettstaden grind.no» (PDF). Vitja 9. desember 2009
- ↑ «Riksantikvaren: kulturminnesøk.no». Vitja 9. desember 2009
- ↑ Johs. Sætherskar, red. (1952). «Hardanger jordbruks- og fruktdyrkingsskule». Det norske næringsliv : Hordaland fylkesleksikon. Bergen: Det norske næringsliv forlag. s. 768.
- ↑ «Arkivkatalog for Kinsarvik kommune på nettstaden til Interkommunalt arkiv Hordaland» (PDF). Vitja 9. desember 2009