Hopp til innhald

John Austrheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Austrheim
Fødd10. oktober 1912
Gloppen kommune
Død13. april 1995 (82 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, bonde
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling
VervLeiar for Senterpartiet 1967–1973
FøregangarPer Borten
EtterfylgjarDagfinn Vårvik
VervNorsk samferdsleminister 18. oktober 1972–16. oktober 1973
FøregangarReiulf Steen
EtterfylgjarAnnemarie Lorentzen
VervOrdførar i Gloppen 1956–1962
FøregangarAlf Gloppestad
EtterfylgjarElias Eimhjellen
Alle verv

John Andersson Austrheim (10. oktober 191213. april 1995) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Gloppen i Nordfjord. Han var 1967-73 formann i Senterpartiet, og 1972-73 samferdsleminister i Korvald-regjeringa.

Austrheim var odelsgut til eitt av bruka på matrikkelgarden Austrheim vest for Sandane, kommunesenteret i Gloppen. Skuleåret 1932/33 gjekk han Nordfjord ungdomsskule, før han i si tid tok over farsgarden på Austrheim.

I 1945 vart Austrheim medlem av kommunestyret i Gloppen kommune, eit verv han hadde til 1951. Ved kommunevalet 1955 kom han innatt i kommunestyret, og vart vald til ordførar. Han var ordførar frå 1956 til 1962.

Hausten 1961 fekk Austrheim stortings-plass frå Sogn og Fjordane, vald for Senterpartiet. I sine 16 år som tingmann var han 1961-65 medlem i Sosialkomiteen, 1965-69 i Kommunalkomiteen, 1969-71 i Utanrikskomiteen, sesjonen 1971/72 på ny i Sosialkomiteen, og 1973-77 i Industrikomiteen.

Då mangeårig Senterparti-formann, og dåverande statsminister Per Borten, i 1967 sa nei til å halde fram som partiformann, vart Austrheim vald til ny formann i Senterpartiet. I perioden frå oktober 1969 til mars 1971 var han også parlamentarisk leiar i Senterpartiet.

Lars Korvald skipa regjering i oktober 1972, fekk Austrheim posten som samferdsleminister, ein post han hadde til Korvald-regjeringa gjekk av i oktober 1973. Ved landsmøtet i Senterpartiet i 1973 overlet Austrheim formannsvervet til Dagfinn Vårvik.