Reiulf Steen
Utsjånad
Reiulf Steen | |||
Reiulf Steen i 2007 Foto: Harry Wad | |||
Fødd | 16. august 1933 Hurum | ||
---|---|---|---|
Død | 5. juni 2014 (80 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, diplomat | ||
Ektefelle | Lis Steen, Inés Vargas | ||
Barn | Robert Steen | ||
Alle verv |
|
Reiulf Hjalmar Steen (fødd 16. august 1933 i Hurum, Buskerud, død 5. juni 2014) var ein norsk politikar frå Arbeiderpartiet.
Steen var formann for AUF 1961-1964 og nestformann i Arbeidarpartiet 1965-1975 og formann 1975-1981.
Han var statsråd i to regjeringar:
- 17. mars 1971 - 18. oktober 1972: Samferdsledepartementet (samferdsleminister) i Trygve Bratteli si første regjering.
- 8. oktober 1979 - 4. februar 1981: Handels- og skipsfartsdepartementet (handelsminister) i Odvar Nordli si regjering.
Som fast stortingsrepresentant sat han i 4 periodar: I periodane 1977-1981 og 1981-1985 som representant for Oslo, og i periodane 1985-1989 og 1989-1993 som representant for Akershus. Åra 1985 til 1989 var han visepresident i Stortinget.
Frå 1992 til 1996 var han den norske ambassadøren til Chile.
Utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- 1999 Orden "Al Meritto Grand Cruz"
- 1991 Bernardo O'Higgins Orden, første klasse, for innsats i kampen for demokrati i Chile
- 1992 Æresborgar av Hurum
Personleg
[endre | endre wikiteksten]Reiulf Steen er son av fabrikkarbeidar Nils Steen (1899-1940) og fabrikkarbeidar Astrid Karlsen (1899-1987).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1933
- Døde i 2014
- Norske samferdsleministrar
- Norske handelsministrar
- Statsrådar i Regjeringa Bratteli I
- Statsrådar i Regjeringa Nordli
- Ap-statsrådar
- Leiarar i AUF
- Leiarar for Arbeidarpartiet
- Stortingsrepresentantar 1977-1981
- Stortingsrepresentantar 1981-1985
- Stortingsrepresentantar 1985-1989
- Stortingsrepresentantar 1989-1993
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar for Oslo
- Stortingsrepresentantar for Akershus
- Norske forfattarar av erindringsbøker
- Norske diplomatar
- Folk frå Hurum