Hopp til innhald

Maksim Njedasiekaw

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maksim Njedasiekaw


Statsborgarskap Belarus
Fødd 21. januar 1998 (26 år)
Vitsiebsk
Idrett friidrett
Tok del i Friidrett under Sommar-OL 2020 – Høgdehopp menn, EM i friidrett 2018, EM i friidrett innandørs 2021, Friidrett under Europaleikane 2019, U20-EM i friidrett 2017, VM i friidrett 2019, Kontinentalcupen i friidrett 2018, VM i friidrett innandørs 2018, U20-VM i friidrett 2016
Utmerkingar Æresordenen, Q71168723, Tsjalavek goda Vіtsebsjtsjyny

Maksim Jurjevitsj Njedasiekaw (belarusisk: Максім Юр’евіч Недасекаў, fødd 21. januar 1998) er ein belarusisk friidrettsutøvar frå Vitebsk som vann sølvmedaljen i høgdehopp i EM i friidrett 2018. Tidleg i mars 2021 presterte han personbeste og sette belarusisk rekord med 2,37 meter då han sigra i hall-EM i polske Toruń. Tre månader seinare tangerte han rekorden ved eit stemne i Székesfehérvár den 6. juli. Like høgt hoppa han då han sikra seg bronsemedaljen i OL-finalen i Tokyo 1. august 2021.