Pada
Pada er eit ord frå sanskrit som bokstaveleg tyder 'fot'.[1] Sanskritordet padá (devanagari पद) har kognatar i gresk pous og latin pes. Omgrepet har fått ei rekkje avleidde tydingar, som trinn, fotavtrykk, spor, merke, versefot, oppdeling, måleining og andre omgrep innan språk, litteratur og religion.
Døme:
- Pada kan visa til ein måte å lesa Veda-tekstar på der ein innfører klare skilje mellom orda, og ikkje bruker vanlege sandhiovergangar.[2]
- Som måleining utgjer ein pada 12 eller 15 fingerbreidder, eller 1/2 eller 1/3 eller 3/7 av ein prakrama.
- Ei firedeling av eit heile (som ei bok)
- I sanskrit-grammatikk viser pāda til bøygde substantiv eller verb.
Religiøs tyding
[endre | endre wikiteksten]Innan religion kan pada visa til føter eller fotspor laga av heilage eller guddommelege personar. Innan buddhismen kan ein til dømes snakka om Buddhapada, 'Buddha-fotspor', og innan hinduismen om pāda eller pādamudrā frå gudar. Føtene til den enorme Gommateshwara-statuen, som er særs viktig i djainismen, blir tilbedd dagleg i eit rituale kalla pada-puja.
Fjellformasjonen Sri Pada på Sri Lanka blir kalla Buddha sitt fotspor av buddhistar, Shiva sitt fotavtrykk av hinduar og Adam sitt fotavtrykk av muslimar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Charles Rockwell Lanman (1884). A Sanskrit reader: with vocabulary and notes, Parts 1-2. Ginn, Heath. s. 189.
- ↑ 2,0 2,1 «pada, n.1». OED Online. Oxford University Press. mars 2019. Henta 14. mars 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Pada» frå Wikipedia på bokmål, den 14. mars 2019.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- पद] (pada) på Engelsk Wiktionary