Raglanerme
Utsjånad
Raglanerm eller raglanerme er ein type erme som er karakterisert ved at det går i eit kileforma stykke heilt opp til kragen,[1] noko som gjev ein diagonal saum frå underarmen til kragebeinet.[2]
Ermetypen er oppkalla etter lord Raglan, den 1. baron Raglan, som skal ha hatt ein frakk med denne typen erme etter han mista ein arm under slaget ved Waterloo.[3] Raglanermet blei funne opp av frakkemakaren Aquascutum for lord Raglan for å gje han plass til å bruka sverdet sitt i kamp. Det gav betre rørsle til beraren i staden for eit normalt erme som var sydd fast til skuldersaumen. Ein frakk med raglanerme kan også kallast raglanfrakk.[4]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Skisse av raglanfrakk
-
Topp med raglanerme
-
Sukajan-jakke med raglanerme
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «raglanerm» i Nynorskordboka.
- ↑ Quinion, Michael. «Cardigan». World Wide Words. Henta 13. januar 2013.
- ↑ Oxford English Dictionary Third edition, (2008) nettversjon september 2011, henta 7. november 2011. An entry for this word was first included in New English Dictionary, 1903.
- ↑ «raglanfrakk» i Det Norske Akademis ordbok
- Denne artikkelen bygger på «Raglanærme» frå Wikipedia på dansk, den 12. oktober 2020.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Raglan sleeve. Mønster ved stretchy.org
- Raglan Sleeve DIY Pattern making ved sewguide.com