Roy Estrada
Roy Estrada | |||
Estrada spelar bassgitar 2006 | |||
Fødd | 17. april 1943 (81 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Santa Ana i California USA | ||
Alias | Roy Ralph Moleman Guacamole Guadalupe Hidalgo Estrada og Orejón | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1964-1994 2000-2012 | ||
Sjanger | Rock and roll, R&B, funkrock, Doo wop eksperimentell rock, jazzfusion | ||
Instrument | Bassgitar, korvokal | ||
Tilknytte artistar | Little Feat, Frank Zappa, Mothers of Invention, Captain Beefheart, Lowell George | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, plateprodusent, skodespelar, convicted & incarcerated felon |
Roy Estrada (fødd 17. april 1943), òg kjend som «Roy Ralph Moleman Guacamole Guadalupe Hidalgo Estrada» og «Orejón», er ein amerikansk musikar og korvokalist, mest kjend som bassgitarist med Frank Zappa og for å ha vore med å starte Little Feat, der han spelte på dei to første albuma.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Med trommeslagaren Jimmy Carl Black og Ray Collins var Estrada det første medlemet i Frank Zappa sitt Mothers of Invention.
Tidlegare hadde Estrada fronta eit band kalla Roy Estrada and the Rocketeers. Gruppa gav ut minst ein singel på King-etiketten, «Jungle Dreams (Part 1)» med «Jungle Dreams (Part 2)» på andre sida.
I tillegg til å arbeide med Zappa var Estrada med å danne Little Feat med Lowell George i 1969, og spelte på dei to første albuma deira før han slutta i 1972 for å bli med i Captain Beefheart's Magic Band,[1] der han fekk kallenamnet Orejón ('store øyre'). Han spelte òg bass for Zappa i 1976 i turnebandet på Zoot Allures-turneen. Og han song og var skodespelar i Zappa-filmen Baby Snakes frå 1979. Han song òg på Zappa-albuma You Are What You Is, Ship Arriving Too Late to Save a Drowning Witch og The Man from Utopia.
Grande Mothers
[endre | endre wikiteksten]I 2002 slo Estrada seg saman med tidlegare bandkollega Don Preston og Napoleon Murphy Brock, og gitaristen Ken Rosser og trommeslagaren/perkusjonist Christopher Garcia, for å danne «The Grande Mothers», som spelte musikken til Zappa.
Fengsel
[endre | endre wikiteksten]Estrada vart dømd for valdtekt av eit barn den 27. oktober 1977.[2] Han var seks år i fengsel då han vart dømd for utukt med eit barn i Orange County i California i desember 1994. I januar 2012 vart han igjen dømd for utukt med barn med ein dom på 25 år i fengsel.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Roy Estrada» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mai 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Barnes, Mike (2000). Captain Beefheart. Quartet. s. 164. ISBN 0-7043-8073-0.
- ↑ homefacts.com Arkivert 2017-08-12 ved Wayback Machine. Roy Ralph Estrada
- ↑ http://www.nme.com/news/frank-zappa/62252 Estrada sentenced
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Discography at beefheart.com Arkivert 2012-07-17 ved Wayback Machine.
- [1]