Shoot Out at the Fantasy Factory
Shoot Out at the Fantasy Factory Studioalbum av Traffic | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Februar 1973 | |
Innspelt | 1972 | |
Studio | Strawberry Hill Studios, Jamaica | |
Sjanger | Progressiv rock, jazzfusion | |
Lengd | 39:18 | |
Selskap | Island | |
Produsent | Steve Winwood | |
Traffic-kronologi | ||
---|---|---|
The Low Spark of High Heeled Boys (1971) |
Shoot Out at the Fantasy Factory | On the Road (1973)
|
Shoot Out at the Fantasy Factory er det sjette studioalbumet til det engelske rockebandet Traffic, gjeve ut i 1973. Det var ein oppfølgjar til The Low Spark of High Heeled Boys og inneheldt fem songar. Shoot Out fekk ikkje like bra kritikk som føregangaren, men nådde sjetteplassen på Billboard Pop Albums-lista, ein plass høgare enn Low Spark i 1972.[1] Som føregangaren var det originale plateomslaget slik at to av hjørna var avskorne.
Albumet vart spelt inn med fire medlemmar av Muscle Shoals Rhythm Section (David Hood, Roger Hawkins, Barry Beckett og Jimmy Johnson). Hood og Hawkins var oppførte som medlemmar av Traffic. Desse to pluss Beckett vart med bandet på turné og spelte på konsertalbumet On the Road.
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [2] |
Christgau's Record Guide | C[3] |
Rolling Stone var litt lunken og skreiv at dei fleste songane var for avbalanserte og uniforme i struktur og tone, men at «Evening Blue» og «(Sometimes I Feel So) Uninspired» var høgdepunkt. Dei oppsummerte at albumet «omfattar både dei inkonsistente faktorane som plaga bandet, i tillegg til høgdepunkta som heldt dei gåande.»[4]
AllMusic meinte at komposisjonane og framføringane jamt over var svake og at albumet var «kompetent, men likeglad i den kjende stilen deira»,[2] medan Village Voice-kritikaren Robert Christgau berre skreiv ei enkel setning «Kan gjevast bort: '(Sometimes I Feel So) Uninspired'.»[3]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Steve Winwood og Jim Capaldi, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Shoot Out at the Fantasy Factory» | 6:05 |
2. | «Roll Right Stones» | 13:40 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
3. | «Evening Blue» | 5:19 | |
4. | «Tragic Magic» | Chris Wood | 6:43 |
5. | «(Sometimes I Feel So) Uninspired» | 7:31 | |
Total lengd: | 39:18 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Traffic
[endre | endre wikiteksten]- Steve Winwood – solo- og korvokal, gitar, piano, orgel
- Chris Wood – saksofon, fløyte
- Jim Capaldi – perkusjon, korvokal (spor 2)
- David Hood – bass
- Roger Hawkins – trommer
- Rebop Kwaku Baah – perkusjon
Andre medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Barry Beckett – klaverinstrument (spor 4)
- Jimmy Johnson – klarinett (spor 4)
Teknisk
[endre | endre wikiteksten]- Jerry Masters, Steve Melton – lydteknikar
- Tony Wright – illustrasjonar
- Tommy Wright – fotografi
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Album
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1973 | Billboard 200 | 6[1] |
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Organisasjon | Nivå | Dato |
---|---|---|
RIAA – USA | Gull | 3. mars 1973 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Shoot Out at the Fantasy Factory» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juli 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Billboard 200 - Traffic». Henta 21. juli 2019.
- ↑ 2,0 2,1 «AllMusic Review - Shoot Out at the Fantasy Factory». Henta 21. juli 2019.
- ↑ 3,0 3,1 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: T». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 21. juli 2019 – via robertchristgau.com.
- ↑ Romasco, John. (15. mars 1973). Album review, Rolling Stone.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Shoot Out at the Fantasy Factory (1973) album releases & credits at Discogs.com
- Traffic – Shoot Out at the Fantasy Factory (1973) album user reviews & credits at ProgArchives.com
- Shoot Out at the Fantasy Factory (1973) album review by William Ruhlmann, credits, releases and Billboard charts at AllMusic.com