The Low Spark of High Heeled Boys
The Low Spark of High Heeled Boys Studioalbum av Traffic | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | November 1971 | |
Innspelt | September 1971 | |
Studio | Island Studios, London | |
Sjanger | Progressiv rock, jazzfusion | |
Lengd | 40:11 | |
Selskap | ||
Produsent | Steve Winwood | |
Traffic-kronologi | ||
---|---|---|
Welcome to the Canteen (1971) |
The Low Spark of High Heeled Boys | Shoot Out at the Fantasy Factory (1973)
|
Singlar frå The Low Spark of High Heeled Boys | ||
|
The Low Spark of High Heeled Boys er det femte studioalbumet til det engelske rockebandet Traffic, gjeve ut i 1971. Som med andre Traffic-album har The Low Spark of High Heeled Boys forskjellige retningar innan rock, som jazzrock, progressiv rock og klassisk rock and roll. Namnet på tittelsporet vart føreslått av skodespelaren Michael J. Pollard.
Albumet inneheld hitten «Rock & Roll Stew» og radiohitten «The Low Spark of High Heeled Boys». Dette er det einaste originale Traffic-albumet der Jim Capaldi syng solo på to songar («Light Up or Leave Me Alone» og «Rock & Roll Stew»). Den einaste andre songen han syng solo på er «Dealer» frå Mr. Fantasy (1967).
Plateomslaget er kjend for at øvre høgre hjørne og det nedre venstre hjørnet var avskoren slik at det gav illusjonen av ein tredimensjonal kube.
Albumet selde til gullplate mindre enn eitt år etter det kom ut i USA og i 1996 hadde det oppnådd fleire platinaplater. Det vart ommastra og gjeve ut med eitt bonusspor den 19. mars 2002.
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Christgau's Record Guide | B[2] |
Meldingane har vore stort sett positive om albumet. AllMusic likte variasjonen som songane ikkje skrivne av Winwood og Capaldi gav og det mektige og lange tittelsporet. Dei skreiv at albumet «markerte det kommersielle og kunastnariske høgdepunktet i den andre perioden til Traffic».[1] Robert Christgau meinte at bandet hadde vokse frå det førre albumet og skreiv at sjølv om gruppa «er blotta for intellektuell kraft, har dei noko på gang» og «når det fungerer oppstår det eit fint paradoks - avslappande og spanande på same tid.»[3] Pop Matters skreiv at det var «eit album som er lett å lytte til om att og om att, men som sjeldan dukkar opp lister over beste album.» Dei skreiv òg at dei fleste songane er undervuderte og krev fleire gjennomlyttingar for å kunne verdsetjast.[4]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Hidden Treasure» | Steve Winwood, Jim Capaldi | 4:11 |
2. | «The Low Spark of High Heeled Boys» | Winwood, Capaldi | 11:41 |
3. | «Light Up or Leave Me Alone» | Capaldi | 4:48 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
4. | «Rock & Roll Stew» | Ric Grech, Jim Gordon | 4:23 |
5. | «Many a Mile to Freedom» | Winwood, Anna Capaldi | 7:16 |
6. | «Rainmaker» | Winwood, Capaldi | 7:52 |
Total lengd: | 40:11 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Rock & Roll Stew Parts 1 & 2» | Grech, Gordon | 6:07 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Traffic
[endre | endre wikiteksten]- Steve Winwood – solovokal (spor 1, 2, 5, 6), gitar, piano, orgel
- Jim Capaldi – solovokal (spor 3, 4), perkusjon, korvokal (spor 6)
- Chris Wood – saksofon, fløyte
- Ric Grech – bass, fiolin
- Jim Gordon – trommer
- Rebop Kwaku Baah – perkusjon
med:
- Mike Kellie – trommer (spor 6)[5]
Teknisk
[endre | endre wikiteksten]- Brian Humphries – lydteknikar
- Tony Wright – plateomslag
- Richard Polak – fotografi
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Album
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1972 | Billboard 200 | 7[6] |
Singlar
År | Song | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1972 | «Rock & Roll Stew Part 1» | Billboard Hot 100 | 93[7] |
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Organisasjon | Nivå | Dato |
---|---|---|
RIAA – USA | Gull | 7. februar 1972 |
Platina | 3. mars 1996 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «The Low Spark of High Heeled Boys» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juli 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 The Low Spark of High Heeled Boys på Allmusic
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: T». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 21. juli 2019 – via robertchristgau.com.
- ↑ Traffic reviews, Robert Christgau. Henta 7. august 2011.
- ↑ Lankford, Ronnie D. jr. (30. mai 2002.) Album review, Pop Matters.
- ↑ «Steve Winwood website.».
- ↑ «Billboard 200 - Traffic». Henta 21. juli 2019.
- ↑ «Billboard Hot 100 - Traffic». Henta 21. juli 2019.