Hopp til innhald

Siim Kallas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Siim Kallas

Fødd2. oktober 1948 (76 år)
Tallinn
Statsborgar avEstland
PartiSovjetunionens kommunistiske parti (1972; 1990), Eesti Reformierakond (13. november 1994)
Yrkepolitikar, journalist, diplomat, funksjonær, bankier, idrettspersonlegdom
Utdanna vedUniversitetet i Tartu
Jakob Westholm Gymnasium
MorRita Kallas
FarUdo Kallas
EktefelleKristi Kallas
BarnKaja Kallas
VervStatsminister i Estland 2002-2003
FøregangarMart Laar
EtterfylgjarJuhan Parts
Alle verv
  • EUs transportkommissær (2010–2014)
  • European Commissioner for An Economy that Works for People (2004–2004)
  • Statsministrar i Estland (2002–2003)
  • Estlands utenriksminister (1995–1996)
  • Estlands finansminister (1999–2002)
  • medlem av det estiske Riigikogu (2019–) Sjå dette på Wikidata

Siim Kallas (fødd 2. oktober 1948 i Tallinn i Estland) er ein estisk og europeisk liberal politikar og tidlegare statsminister i Estland. Han har sidan mai 2004 vore medlem av EU-kommisjonen, fyrst som kommissær for økonomiske og monetære spørsmål, og frå november 2004 som visepresident og kommissær for administrasjon, revisjon og kamp mot bedrageri.

Kallas tok i 1975 eksamen i faga finans og kreditt frå Universitetet i Tartu. Han arbeidde deretter i det sovjetiske finansministeriet for Estland og for sentralforeininga av estiske sparebankar. Han var frå 1972 til 1990 medlem av det sovjetiske kommunistpartiet. Frå slutten av 1980-talet hadde han ei kritisk haldning til den økonomiske avhengnaden til Estland, og han spela ei viktig rolle i frigjeringa frå Sovjetunionen. I 1991 vart Kallas direktør for den estiske sentralbanken, der han leidde valutareforma i landet og la grunnlaget for dei omfattande økonomiske reformene Estland gjekk gjennom.

Siim Kallas saman med George W. Bush.
Foto: US DOS

I 1994 grunnla Siim Kallas det liberale partiet Eesti Reformierakond. Han var frå starten og fram til 2004 leiar av dette partiet. I 1995 vart han fyrste gong innvald i nasjonalforsamlinga Riigikogu. Seinare same år vart han utnemnd til utanriksminister. I åra 1999 til 2002 var Kallas finansminister, og deretter var han statsminister i Estland frå 2002 til 2003.

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

I 2000 vart Siim Kallas tildelt Bundesverdienstkreuz, fortenstordenen til Forbundsrepublikken Tyskland, i 2001 vart han utnemnd til storoffiser i den franske Æreslegionen og i 2003 vart han tildelt den estiske fortenstordenen av andre klasse. Kallas er gjesteprofessor ved Universitetet i Tartu.

Siim Kallas er gift og har to born.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]