Tuqu'
Tuqu' | |||
تقوع, Taqua, Teqoa | |||
kommune | |||
Området nær Tekoa. Den israelske busetjinga Tekoa ligg framom, medan Tuqu' ligg like bak og til venstre. Til høgre er landsbyen Khirbet al-Deir, som er ein del av Tuqu' kommune.
| |||
Namneopphav: Tekua-ruinen[1] eller Teltstaden | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Betlehem guvernement | ||
Koordinatar | 31°38′11″N 35°12′52″E / 31.63639°N 35.21444°E | ||
Areal | 0,6 km² | ||
Folketal | 8 881 (2007) | ||
Folketettleik | 14 802 / km² | ||
Bystatus | 1997 | ||
Tuqu' 31°38′11″N 35°12′52″E / 31.636388888889°N 35.214444444444°E | |||
Kart som viser Tuqu'.
| |||
Wikimedia Commons: Tuqu' |
Tuquʿ (arabisk تقوع}}, òg skrive Teqoa) er ein palestinsk by i Betlehem guvernement, 12 km søraust for Betlehem på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS), hadde Tuqu' hadde eit folketal på 8 881 i 2007.[2] Byen er ein del av landsbygruppa 'Arab al-Ta'amira i lag med Za'atara, Beit Ta'mir, Hindaza, Khirbet al-Deir og al-Asakra.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Oldtida
[endre | endre wikiteksten]I følgje bibelske kjelder skal efratittane frå Betlehem og kalebittane frå Hebron ha grunnlagd Tekoa. Han var eit administrativt senter med festningsverk bygde av Rehoboam, konge av Juda for å verne staden mot ein invasjon frå sør.
Tekoa var fødestaden til Ira, son av Ikkesj, ein av krigarane til kong David, og til den hebraiske profeten Amos.[3] Det var her Joab fann ei vis kvinne som lokka David til å føre Absalom attende til Jerusalem. Somme av innbyggjarane i Tekoa tok del i oppbygginga av murane kring Jerusalem etter dei kom attende frå det babylonske fangenskapet.[4]
Islamsk tid
[endre | endre wikiteksten]Under krossfarane høyrte Tekoa til Den heilage grav-kyrkja. Mellomalderhistorikaren Vilhelm av Tyr skreiv at dei kristne i landsbyen hjelpte krossfararane under omleiringa av Jerusalem i 1099, ved å syne dei lokale vasskjelder og matressursar. Mange av landsbybuarane vart òg med i krossfararhæren.[3] Zengid og dei muslimske styrkane hans erobra Tekoa i 1138. Tempelriddarane under Robert burgundaren klarte å ta byen attende, men tapte han igjen då Zengid-styrkane gjekk til motåtak, og området mellom byen og Hebron «var strødd med døde riddarar» i følgje Vilhelm av Tyr. Han skulda på riddarane fordi dei ikkje følgde etter dei flyktande muslimske styrkane, slik at dei kunne omgruppere seg og gå til nytt åtak.[5] Den syriske geografen Yaqut al-Hamawi skildra staden som «ein landsby kjend for honningen sin» under eit besøk her i 1225.[6][7]
I 1596 var landsbyen kalla Tuqu', og stod oppført i osmanske skattelister som ein del av i Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 62 muslimske hushaldningar og fem kristne hushaldningar. Han betalte skattar av kveite, bygg, oliven, vindruer eller frukttre, og geiter eller bikubar.[8]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja staden i 1863, og skildar ruinane av ei kyrkje som var nesten heilt øydelagd, og ein åttekanta døypefont, hogde ut av ei steinblokk av raudfarga kalkstein.[9]
Palestine Exploration Fund skildra i Survey of Western Palestine i 1883 at Khirbet Tuqu' «verka å ha vore stor og viktig i kristen tid. Han er framleis busett av nokre få personar som bur i grotter. Her finst òg ein fin åttekanta døypefont.»[10]
Moderne tid
[endre | endre wikiteksten]I følgje Applied Research Institute-Jerusalem (ARIJ), vart den moderne byen Tuqu' busett på ny i 1948 av arabarar frå den lokale 'Arab al-Ta'amira-stamma.[11]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tuqu'» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1883). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 3. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Dauphin, Claudine (1998). La Palestine byzantine, Peuplement et Populations. BAR International Series 726 (på fransk). III : Catalogue. Oxford: Archeopress.
- Guérin, Victor (1869). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 1: Judee, pt. 3. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Pringle, Denys (1998), The Churches of the Crusader Kingdom of Jerusalem: L-Z (exluding Tyr), Cambridge University Press
- Röhricht, Reinhold (1893). (RRH) Regesta regni Hierosolymitani (MXCVII-MCCXCI) (på latin). Berlin: Libraria Academica Wageriana. (s. 43-44, no. 174)
- Strange, le, Guy (1890), Palestine Under the muslimar: A Description of Syria and the Holy Land from A.D. 650 to 1500, Committee of the Palestine Exploration Fund
- Thomson, William McClure (1859). The Land and the Book: Or, Biblical Illustrations Drawn from the Manners and Customs, the Scenes and Scenery, of the Holy Land 2 (1 utg.). New York: Harper & brothers.
- ↑ Palmer, 1882, s. 402
- ↑ 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.117
- ↑ 3,0 3,1 Thekoa - (Tuqu'a) Studium Biblicum Franciscanum - Jerusalem.
- ↑ Neh. iii. 5, 37.
- ↑ Howarth, Stephen. (1991). The Tempelriddarane Barnes & Noble Publishing, s.97.
- ↑ Pringle, 1998, s. 347 - 348
- ↑ le Strange, 1890, s. 542
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 114
- ↑ Guérin, 1869, s. 141
- ↑ Conder og Kitchener, 1883, s. 368
- ↑ Tuqu' Town Profile. Applied Research Institute-Jerusalem. 2008. Henta 1. oktober 2015.