Côte-d'Or
Côte-d'Or | |
---|---|
Våpenskjoldet til Côte-d'Or | |
Plassering | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 21 |
Region: | Bourgogne-Franche-Comté |
Préfecture: | Dijon |
Sous-préfectures: | Beaune Montbard |
Arrondissement: | 3 |
Kantonar: | 43 |
Kommunar: | 707 |
Président du conseil général: | Louis de Broissia |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 49. |
-1999 | 506 755 |
Folketettleik: | 58/km² |
Landareal¹: | 8 763 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Côte-d'Or er eit departement aust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Bourgogne-Franche-Comté.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Drôme er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna av den tidlegare provinsen Burgund.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Departementet er i dag ein del av regionen Bourgogne og grensar til departementa Yonne, Nièvre, Saône-et-Loire, Jura, Aube og Haute-Marne.
Ei rekkje åser kalla Plateau de Langres går frå nordaust til sørvest gjennom departementet nord for Dijon, og held fram sørvestover Côte d'Or-skrenten, som har tatt namn etter departementet. Det er i skrenten som vender mot søraust at den kjende Bourgognevinen vert dyrka. Vest for Plateau de Langres, mot Champagne, ligg det tett skogområdet Châtillonais. Søraust for platået og skrenten ligg det ein vid og flat dal som elva Saône renn gjennom.
Av elvar finn ein:
- Saône
- Seinen har sitt opphav sør på Plateau de Langres.
- Ouche har sitt utspring ved skrenten og renn ut i Saône etter Dijon.
- Armançon har sitt utspring ved skrenten og renn nordvestover.
- Arroux har sitt utspring ved skrenten sør i departementet.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Klimaet i departementet er temperert med mykje regn på vestsida av åsrekkja.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Departementet er eit av dei beste vinområda i Frankrike. Andre avlingar er mellom anna kornavlingar og poteter. Det vert òg avla sau og kveg i området. Regionen er kjend for sennepen frå Dijon.
I tillegg har ein kolgruver og tungindustri som stål, maskineri og steintøy. Dei største industriområda ligg i nærleiken av Dijon.
Demografi
[endre | endre wikiteksten]Innbyggjarane i departementet vert kalla côte-d'oriens.
Turisme
[endre | endre wikiteksten]Nokre store turistattraksjonar er den gotiske klosterkyrkja Saint-Seine-l'Abbaye og den romanske klosterkyrkja i Saulieu, i tillegg til Château de Bussy Rabutin i Bussy-le-Grand. Klosteret Cîteaux, hovudkvarter for cisterciensarordenen, ligg aust for Nuits-Saint-Georges sør i departementet.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Prefekturet si nettside
- Offisiell nettside Arkivert 2004-11-17 ved Wayback Machine.