Hopp til innhald

Mayotte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mayotte
øy
Flagg
Symbol
Land  Frankrike
Del av Indiahavet
Hovudstad Mamoudzou
Areal 374,0 km²
Folketal 256 518 (2017)[1]
Språk fransk
Tidssone UTC +3
Retningsnummer +269
Domene .yt
Kart
Mayotte
12°50′35″S 45°08′18″E / 12.843055555556°S 45.138333333333°E / -12.843055555556; 45.138333333333
Wikimedia Commons: Mayotte

Mayotte er ei øy og eit fransk oversjøisk område nord-vest for Madagaskar. Geografisk er øya del av øygruppa Komorane men politisk vart ho skild frå Komorane då resten av øygruppa vart sjølvstendig i 1975. Folket på Mayotte valde ved folkeavrøystingar i 1974 og 1976 å verta verande franske. Hovudstaden heiter Mamoudzou.

Mayotte vart eit fransk protektorat 25. mars 1841, i 1912 vart øya annektert av Frankrike. I 1974 vart det heldt folkeavrøystingar på alle øyane i Komorane om sjølvstende frå Frankrike, Mayotte var den einaste øya som røysta for å verta verande fransk, med 63,8 % fleirtal. Dette vart stadfesta ved ei ny folkeavrøysting i 1976. Mayotte vart difor skild frå resten av Komorane, som vart ein sjølvstendig republikk. Komorane gjer framleis krav på Mayotte. Ved fleire høve har det vorte fremja forslag i Tryggingsrådet i SN som støttar Komorane sitt krav på Mayotte, desse har kvar gong vorte støtta av 11 av 15 røyster, men vorte stansa av Frankrike sitt veto. Den afrikanske unionen støttar òg Komorane sitt krav på Mayotte.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 "Recensement de la population 2017 de Mayotte"; utgjevingstidspunkt: 27. desember 2017.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Mayotte
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.