Hopp til innhald

Eurovision Song Contest 1996

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eurovision Song Contest 1996
Dato
Finalen 18. mai 1996
Vertskap
Stad
Oslo Spektrum
Oslo i Noreg
Programleiar(ar)
Ingvild Bryn
Morten Harket
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Attende
Estland
Nederland
Finland
Sveits
Slovakia
Ikkje kvalifisert
Ungarn
Tyskland
Danmark
Russland
Makedonia
Israel
Romania
Kart
Røysting
Vinnar
Irland med «The Voice» av Eimear Quinn
Eurovision Song Contest
1995 1997
██ Land som deltok i konkurransen██ Land som ikkje deltok i konkurransen ██ Land som ikkje deltok i konkurransen fordi dei ikkje klarte å kvalifisere seg

Eurovision Song Contest 1996, også kalla Eurosong '96, var den 41. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songkonkurransen for medlemmane av organisasjonen EBU. Konkurransen blei arrangert av NRK laurdag 18. mai 1996 i Oslo Spektrum, etter at Secret Garden vann med songen «Nocturne» året før. Dette var andre gongen Eurovision Song Contest blei arrangert i Noreg, og den fyrste som blei halden i Oslo. Programleiarane var nyheitsankeret Ingvild Bryn og a-ha-vokalisten Morten Harket.

EBU heldt talet på deltakarland på 23 land og arrangerte ei førehandskvalifisering der 29 land skulle bli redusert til 22. Førehandskvalifiseringa blei ikkje filma eller vist på fjernsyn, og juryane bedømde bidraga frå dei andre landa berre ut frå lydopptak. Landa som ikkje kvalifiserte seg var Danmark, Israel, Makedonia, Romania, Russland, Ungarn, og ikkje minst Tyskland som mista sin fyrste og hittil einaste finale i historia til Eurovision Song Contest. Noreg var direktekvalifisert som vertsnasjon og deltok difor ikkje i kvalifiseringa.

Irland tok sin sjuande siger med «The Voice», framført av Eimear Quinn og komponert av Brendan Graham. Dette var den fjerde sigeren til Irland på fem år. Noreg og Elisabeth Andreassen kom på andreplass med «I evighet». Sverige blei nummer tre med «Den vilda», mens Kroatia og Estland utgjorde resten av topp fem. Dette var Kroatia og Estland sine beste plasseringar til då. Dette same gjaldt for sjetteplassen Portugal, som var den beste plasseringa til Portugal siden debuten i 1964. Den portugisiske rekorden blei ikkje slått før Salvador Sobral vann med «Amar pelos dois» 21 år seinare. Ein av dei store førehandsfavorittane, Gina G og «Ooh Aah... Just a Little Bit» frå Storbritannia, innfridde ikkje og enda på åttandeplass.

Eurovision Song Contest 1996 blei arrangert i Oslo Spektrum.

Som vinnar av Eurovision Song Contest 1995 var Noreg og NRK vert for konkurransen dette året. Like etter sigeren til Secret Garden med «Nocturne» begynte spekulasjonane om kor i Noreg finalen skulle bli arrangert. To veker etter den norske sigeren vurderte NRK fire forskjellige arenaar: Gjøvik Olympiske Fjellhall, VikingskipetHamar, Oslo Spektrum og Håkons Hall i Lillehammer.[1] 31. mai 1995 kunngjorde NRK at konkurransen skulle bli arrangert i Oslo Spektrum laurdag 18. mai 1996. Eit av krava var at Oslo kommune skulle stille Oslo Spektrum til disposisjon gratis.[2]

NRK marknadsførte arrangementet under namnet Eurosong '96. Namnet blei droppa året etter, og siden har konkurransen gått under sitt fulle namn, Eurovision Song Contest.[3] Odd Arvid Strømstad var hovudprodusent, mens Pål Veiglum var regissør.

Førehandskvalifisering

[endre | endre wikiteksten]

For å redusere talet på deltakarland, innførte Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) dette året for fyrste gang ein førehandskvalifisering. Eit liknande konsept hadde blitt prøvd ut i 1993, men nå måtte samtlige 29 land gjennom kvalifiseringa. Berre vertslandet Noreg var direktekvalifisert til finalen i Oslo.

Sjølve kvalifiseringa blei gjennomført på ein enkel måte, og kvalifiseringa blei korkje sendt på tv eller radio. Kvart land hadde en nasjonal jury som høyrde gjennom dei andre songane på band og røysta i same stil som i Eurovision Song Contest: 1–8, 10 og 12 poeng. Dei 22 beste landa kvalifiserte seg til finalen i Oslo 18. mai.[3] Blant landa som ikkje kvalifiserte seg var Danmark, Israel og Tyskland. Ved at Tyskland ikkje kvalifiserte seg, har ingen land deltatt kvar gong sidan 1956.

I ettertid kom det kritikk mot kvalifiseringsmetoden, ikkje minst frå Tyskland, som er ein av dei største økonomiske bidragsytarane til konkurransen. Konkurransen i 1996 er framleis den einaste gongen at Tyskland ikkje har deltatt i Eurovision Song Contest.[4] Kvalifiseringsordninga blei difor endra året etter, då skulle i staden gjennomsnittspoengsummen til landa frå åra 1993–1996 avgjere om landet kvalifiserte seg eller ikkje.[3]

Finalen blei arrangert i Oslo Spektrum laurdag 18. mai frå klokken 21.00 til 00.10 sentraleuropeisk tid. Programleiar Mortenen Harket opna sendinga med å syngje sin nyaste låt, «Heaven's Not for Saints», før medprogramleiaren Ingvild Bryn dukka opp på scena. Til saman deltok 23 land, og dei fleste songane blei akkompagnert av Kringkastingsorkestret. Frode Thingnæs var sjefdirigent for orkestret.[5]

Morten Harket leia sendinga saman med Ingvild Bryn.

I finaleveka truga dirigentane frå dei ulike deltakarlanda med å gå til streik. Årsaka var at NRK ønskte å spare tid ved ikkje å vise dirigentane før kvar enkelt song. Konflikten blei løyst nokre dagar før finalen, og dirigentane dukka tradisjonen tru opp på tv-skjermen før kvart bidrag.[3]

Scena var bygd i ulike metallkonstruksjonar og hadde eit vassbasseng som skjørtekant. Scena skulle illustrere ei oljeplattform og var eigentleg tre scener i eitt. Det gjorde at kvar song blei framført på ulike delar av scena for å spare tid med å rigge til kvart enkelt nummer.

1996-konkurransen førte også med seg fleire nye innslag. Blant anna blei kvart land presenterte med eit postkort med ei lykkeønsking frå ein politisk leiar eller utsending frå det aktuelle landet. I Noreg sitt tilfelle var det statsminister Gro Harlem Brundtland som ønskte lykke til.

Den andre nyvinninga var at avrøystinga blei gjennomført med bluescreen-teknologi. Dei einaste fysiske gjenstandane i «det blå rommet» var programleiar Ingvild Bryn, to bord og scenegolvet ho stod på. På den blå skjermen la produsentane inn den elektroniske poengtavla og skjermar der poengopplesarane dukka opp.

Pausenummeret før avrøystinga var eit song- og dansenummer kalla «Vardebrenning», laga av Petter Skavlan. Nummeret var todelt og starta med ein film laga av Nils Gaup, der sjåarane fekk ei musikalsk rundreise i Noreg med stev, jazz og norsk folkemusikk. I filmen deltok musikarar som Torbjørg Aamlid Paus, Bukkene Bruse, Bendik Hofseth, Håvard Gimse, Helge Kjekshus, The Brazz Brothers, Mari Boine og Terje Rypdal.

Nummeret blei avslutta med eit dansenummer i Oslo Spektrum, utført av dansarane frå Oslo Danse Ensemble. Egil Monn-Iversen hadde komponert og arrangert musikken, mens Runar Borge stod for koreografien.[5]

Det norske bidraget

[endre | endre wikiteksten]
Ragnhild Sælthun Fjørtoft las poenga frå den norske jurygruppa direkte frå scena.

Elisabeth Andreassen representerte Noreg for tredje gong, og deltok for fjerde gong, etter å ha vunne ein overlegen siger i den norske finalen i slutten av mars. Vinnarbidraget «I evighet» var skrive av Torhild Nigar som også hadde sendt songen inn i 1991, året då NRK avlyste den norske finalen.

I forkant av den internasjonale finalen var låten rekna som ein mogleg vinnar, og «I evighet» var det tolvte bidraget ut på scena i Oslo Spektrum. I avrøystinga fekk «I evighet» 114 poeng og enda på ein andreplass. Dette er den fjerde beste plasseringa til Noreg i Eurovision Song Contest, og framleis den einaste andreplassen til Noreg i konkurransen. Han er også den einaste sølvvinnaren i Eurovision Song Contest som ikkje har fått 12 poeng, men songen fekk 10 poeng frå Sverige, Nederland og Slovenia.[6][7]

Frode Thingnæs dirigerte det norske bidraget, mens Roar Engelberg spelte panfløyte og Rolf Graf keyboard. Jean-Paul Gaultier hadde designa kjolen til Elisabeth Andreassen.[8]

Jostein Pedersen kommenterte sendinga på NRK1, mens Stein Dag Jensen og Anita Skorgan kommenterte for NRK P1.[9] Ragnhild Sælthun Fjørtoft las dei norske jurypoenga, men ikkje via satellitt. I staden dukka ho overraskande opp på scena i Oslo Spektrum og las opp poenga derfrå.[5]

Avrøystinga

[endre | endre wikiteksten]

Kvart land hadde ei jurygruppe med 16 medlemmar mellom 16 og 60 år som bedømde songane frå dei andre landa med poeng frå 1 til 10. Deretter summerte jurysekretæren saman røystene. Songen som fekk flest jurypoeng, blei tildelt 12 poeng frå den nasjonale jurygruppa. Andreplassen fekk 10, tredjeplassen 8, fjerdeplassen 7 og så vidare ned til tiandeplassen som fekk 1 poeng. Altså gav kvar jurygruppe 12, 10 og 8–1 poeng til sine ti favorittsongar. Det var ikkje lov å røyste på bidraget frå sitt eige land. Kvart land hadde ein talsperson som las opp poenga frå si nasjonale jurygruppe via telefon på direkten under avrøystinga. Unntaket var norske Ragnhild Sælthun Fjørtoft som las dei norske poenga frå Oslo Spektrum. Konkurransesjef og overdommar for avrøystinga var Christine Marchal-Ortiz fra EBU.

Eimear Quinn vann den fjerde sigeren til Irland på fem år.

Dette var siste året at resultatet eine og åleine blei avgjort av nasjonale jurygrupper. Året etter innførte EBU ei prøveordning der sjåarane i fem land (Austerrike, Storbritannia, Sveits, Sverige og Tyskland) kunne røyste via telefon. I 1998 blei telefonavrøysting obligatorisk for alle deltakarland med adekvat teknisk infrastruktur.

I byrjinga av avrøystinga var det ingen songar som stakk seg ut, og fleire land veksla på å leie. Poenga frå de ulike nasjonale jurygruppene fortsette å sprike, men etter kvart stakk Irland frå og vann til slutt klårt med 162 poeng – 48 poeng føre Noreg på andreplass.

Noreg låg lenge langt nede på resultatlista, men etter fleire høge poengsummar midtvegs i avrøystinga, gjekk Noreg opp på ein andreplass. Til slutt fekk Norge 114 poeng og kom på andreplass. Sverige blei nummer tre, Kroatia nummer fire og Estland nummer fem. Portugal fekk sin beste plassering til då, ein sjetteplass, med «O meu coração não tem cor» sungen av Lúcia Moniz. Ho skulle seinare spele rolla som hushjelpa Aurélia i filmen Love Actually.

Finland kom på sisteplass med berre 9 poeng – to poeng frå Noreg og sju poeng frå Island.

Deltakarar

[endre | endre wikiteksten]

Liste over deltakarane og det offisielle resultatet.[10] Tabellen er rangert etter startrekkefølgje, plasseringa og poengsummen er i kolonnane til høgre.

Startnr. Land Artist Sang Språk Plass Poeng
01 Tyrkia Şebnem Paker «Beşinci Mevsim» Tyrkisk 12 57
02 Storbritannia Gina G «Ooh Aah... Just a Little Bit» Engelsk 8 77
03 Spania Antonio Carbonell «¡Ay, qué deseo!» Spansk 20 17
04 Portugal Lúcia Moniz «O meu coração não tem cor» Portugisisk 6 92
05 Kypros Konstantínos «Móno ja mas» (Μόνο για μας) Gresk 9 72
06 Malta Miriam Christine «In a Woman's Heart» Engelsk 10 68
07 Kroatia Maja Blagdan «Sveta ljubav» Kroatisk 4 98
08 Austerrike George Nussbaumer «Weil's dr guat got» Vorarlbergisk 10 68
09 Sveits Kathy Leander «Mon cœur l'aime» Fransk 16 22
10 Hellas Mariánna Evstratíou «Emís foráme to khimóna anixiátika»
(Εμείς φοράμε το χειμώνα ανοιξιάτικα)
Gresk 14 36
11 Estland Maarja-Liis Ilus og Ivo Linna «Kaelakee hääl» Estisk 5 94
12 Noreg Elisabeth Andreassen «I evighet» Norsk 2 114
13 Frankrike Dan Ar Braz og L'héritage des Celtes «Diwanit bugale» Bretonsk 19 18
14 Slovenia Regina «Dan najlepših sanj» Slovensk 21 16
15 Nederland Maxine og Franklin Brown «De eerste keer» Nederlandsk 7 78
16 Belgia Lisa del Bo «Liefde is een kaartspel» Nederlandsk 16 22
17 Irland Eimear Quinn «The Voice» Engelsk 1 162
18 Finland Jasmine «Niin kaunis on taivas» Finsk 23 9
19 Island Anna Mjöll «Sjúbídú» Islandsk 13 51
20 Polen Kasia Kowalska «Chcę znać swój grzech …» Polsk 15 31
21 Bosnia-Hercegovina Amila Glamočak «Za našu ljubav» Bosnisk 22 13
22 Slovakia Marcel Palonder «Kým nás máš» Slovakisk 18 19
23 Sverige One More Time «Den vilda» Svensk 3 100

Kvalifiseringsrunde

[endre | endre wikiteksten]

Landa under hadde sendt inn bidrag til kvalifiseringsrunden. 29 land skulle bli redusert til 22, og kvart land hadde ei jurygruppe som bedømde bidraga frå dei landa. Kvar jurygruppe gav 1–8, 10 og 12 poeng til sine ti favorittsongar. Songane blei bedømde etter lydopptak, og kvalifiseringsrunden blei aldri kringkasta eller tatt opp. Sjølv om Makedonia deltok i kvalfiseringsrunden, blei denne songen aldri klassifisert som eit offisielt bidrag. Difor debuterte Makedonia offisielt først i 1998. Landa i rosa kvalifiserte seg til finalen i Oslo. Sidan Noreg var vertsnasjon, deltok ikkje «I evighet» i kvalifiseringsrunden.[11][12]

Land Artist Sang Språk Plass[12] Poeng
Austerrike George Nussbaumer «Weil's dr guat got» Vorarlbergisk 6 80
Belgia Lisa del Bo «Liefde is een kaartspel» Nederlandsk 12 45
Bosnia-Hercegovina Amila Glamočak «Za našu ljubav» Bosnisk 21 29
Danmark Martin Loft og Dorte Andersen «Kun med dig» Dansk 25 22
Estland Maarja-Liis Ilus og Ivo Linna «Kaelakee hääl» Estisk 5 106
Finland Jasmine «Niin kaunis on taivas» Finsk 22 26
Frankrike Dan Ar Braz og L'héritage des Celtes «Diwanit Bugale» Bretonsk 11 55
Hellas Mariánna Evstratíou «Emís foráme to khimóna anixiátika»
(Εμείς φοράμε το χειμώνα ανοιξιάτικα)
Gresk 12 45
Irland Eimear Quinn «The Voice» Engelsk 2 198
Island Anna Mjöll «Sjúbídú» Islandsk 10 59
Israel Galit Bell «Shalom olam» (שלום עולם) Hebraisk 28 12
Kroatia Maja Blagdan «Sveta ljubav» Kroatisk 19 30
Kypros Konstantínos «Móno ja mas» (Μόνο για μας) Gresk 15 42
Makedonia Kaliopi «Samo ti» (Само ти) Makedonsk 26 14
Malta Miriam Christine «In a Woman's Heart» Engelsk 4 138
Nederland Maxine og Franklin Brown «De eerste keer» Nederlandsk 9 63
Polen Kasia Kowalska «Chcę znać swój grzech …» Polsk 15 42
Portugal Lúcia Moniz «O meu coração não tem cor» Portugisisk 18 32
Romania Monica Anghel og Sincron «Rugă pentru pacea lumii» Rumensk 29 11
Russland Andrej Kosinskij «Ja eto ja» (Я это я) Russisk 26 14
Slovakia Marcel Palonder «Kým nás máš» Slovakisk 17 36
Slovenia Regina «Dan najlepših sanj» Slovensk 19 30
Spania Antonio Carbonell «¡Ay, qué deseo!» Spansk 14 43
Sveits Kathy Leander «Mon cœur l'aime» Fransk 8 67
Sverige One More Time «Den vilda» Svensk 1 227
Storbritannia Gina G «Ooh Aah... Just a Little Bit» Engelsk 3 153
Tyrkia Şebnem Paker «Beşinci Mevsim» Tyrkisk 7 69
Tyskland Leon «Planet of Blue» Tysk 24 24
Ungarn Gjon Delhusa «Fortuna» Ungarsk 23 26

Artistar som har delteke tidlegare

[endre | endre wikiteksten]
Artist Land Tidlegare år Tidlegare land Plassering i tidlegare tevling
Finalen
Poeng Plass
Elisabeth Andreassen Noreg 1982 (med gruppa Chips) Sverige 67 8
1985 (med Bobbysocks) Noreg 123 1
1985 (med Jan Werner Danielsen) Noreg 76 6
Mariánna Evstratíou Hellas 1989 Hellas 56 9

Poengtavle

[endre | endre wikiteksten]

Tavla er ordna etter røysterekkefølgja i finalen. På direkten skjedde det ein feil under røystegjevinga til Spania, då den spanske poemgopplesaren sa «Holland» i staden for «Netherlands». Ingvild Bryn trudde poengopplesaren sa «Poland» (Polen), og Polen fekk difor seks poeng som eigentleg skulle gått til Nederland. Feilen blei retta etter finalen og gjorde at Nederland og Storbritannia bytta plass.[13]

Deltakarland Poenggjevande land Sum Plass
Tyrkia 6 8 10 1 6 4 7 5 5 5 57 12
Storbritannia 3 12 1 6 7 3 4 2 8 12 3 4 6 6 77 8
Spania 2 5 4 6 17 20
Portugal 5 2 12 10 1 10 5 12 5 6 6 3 10 1 4 92 6
Kypros 12 7 3 2 8 2 5 12 2 1 6 10 2 72 9
Malta 10 10 12 8 1 4 6 12 5 68 10
Kroatia 8 4 5 10 8 7 1 1 6 7 3 5 4 6 5 2 10 5 1 98 4
Austerrike 4 5 12 2 7 12 1 8 8 6 3 68 10
Sveits 3 2 4 2 4 4 3 22 16
Hellas 7 10 1 2 3 1 1 8 3 36 14
Estland 10 4 7 5 8 1 8 3 2 12 12 10 12 94 5
Noreg 2 8 2 3 5 8 7 5 7 10 10 8 7 7 8 4 3 10 114 2
Frankrike 1 1 3 4 7 2 18 19
Slovenia 1 6 1 8 16 21
Nederland 1 6 7 5 12 3 4 10 5 1 5 2 7 2 8 78 7
Belgia 5 12 2 1 2 22 16
Irland 12 8 6 4 7 12 10 12 10 6 12 12 3 10 12 12 7 7 162 1
Finland 2 7 9 23
Island 3 6 6 3 8 5 6 10 3 1 51 13
Polen 7 4 4 7 7 2 31 15
Bosnia-Hercegovina 6 3 3 1 13 22
Slovakia 2 8 4 5 19 18
Sverige 4 10 8 10 6 3 7 8 10 12 8 6 4 4 100 3

Kvart land gav 12 poeng til sin favoritt. Under er ei oversikt over alle 12-poengarane som blei gjevne under avrøystinga.

Tal Mottakarland 12 poeng frå
7 Irland Bosnia-Hercegovina, Estland, Nederland, Polen, Slovenia, Sveits, Tyrkia
3 Estland Finland, Island, Sverige
2 Kypros Hellas, Storbritannia
Malta Kroatia, Slovakia
Portugal Kypros, Noreg
Storbritannia Belgia, Portugal
Austerrike Frankrike, Malta
1 Belgia Spania
Nederland Austerrike
Sverige Irland

Dirigentar

[endre | endre wikiteksten]

Mens Frode Thingnæs var sjefdirigent, hadde dei fleste landa med sin eigen dirigent. Under er ei liste over dirigentane til deltakarlanda, lista etter startrekkefølgja.[14]

  1. Tyrkia – Levent Çoker
  2. Storbritannia – Ernie Dunstall
  3. Spania – Eduardo Leyva
  4. Portugal – Pedro Osório
  5. Kypros – Stavros Lantsias
  6. Malta – Paul Abela
  7. Kroatia – Alan Bjelinski
  8. Austerrike – Mischa W. Krausz
  9. Sveits – Rui dos Reis
  10. Hellas – Mikhalis Rozakis
  11. Estland – Tarmo Leinatamm
  12. Noreg – Frode Thingnæs
  13. Frankrike – Fiachra Trench
  14. Slovenia – Jože Privšek
  15. Nederland – Dick Bakker
  16. Belgia – Bob Porter
  17. Irland – Noel Kelehan
  18. Finland – Olli Ahvenlahti
  19. Island – Ólafur Gaukur
  20. Polen – Wiesław Pieregorólka
  21. Bosnia-Hercegovina – Sinan Alimanović
  22. Slovakia – Juraj Burian
  23. Sverige – Anders Berglund


Kommentatorar og poengopplesarar

[endre | endre wikiteksten]

Kvart land hadde ein talsperson som annonserte poenga frå sitt land på engelsk eller fransk over telefon.[15] Under er talspersonane i same rekkefølgje som under avrøystinga.

  1. Tyrkia – Ömer Önder
  2. Storbritannia – Colin Berry[16]
  3. Spania – Belén Fernández de Henestrosa[16]
  4. Portugal – Cristina Rocha
  5. Kypros – Marios Skordis[17]
  6. Malta – Ruth Amaira
  7. Kroatia – Daniela Trbović[18]
  8. Austerrike – Martina Rupp
  9. Sveits – Yves Ménestrier[19]
  10. Hellas – Niki Venega[20]
  11. Estland – Annika Talvik[21]
  12. Noreg – Ragnhild Sælthun Fjørtoft
  13. Frankrike – Laurent Broomhead
  14. Slovenia – Mario Galunič
  15. Nederland – Marcha[22]
  16. Belgia – An Ploegaerts[19][23]
  17. Irland – Eileen Dunne[24]
  18. Finland – Solveig Herlin
  19. Island – Svanhildur Konráðsdóttir
  20. Polen – Jan Chojnacki
  21. Bosnia-Hercegovina – Segmedina Srna
  22. Slovakia – Alena Heribanová
  23. Sverige – Ulla Rundqvist[25]


Kommentatorar og sendingar

[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste landa som overførte finalen, hadde kommentatorar som formidla informasjon og hendingar direkte til sjåarane. Oversikt over kommentatorar under Eurovision Song Contest 1996:[26]

Kommentatorar og sendingar i deltakarlanda
Land Kringkastar Kanal Kommentator
Austerrike ORF ORF 1 Ernst Grissemann[27][28]
FM4 Stermann & Grissemann[27]
Belgia BRTN BRTN TV1 Michel Follet og Johan Verstreken[29]
RTBF RTBF1 Jean-Pierre Hautier og Sandra Kim[19][30]
Bosnia-Hercegovina RTVBiH BHT Suad Bejtović
Estland Eesti Televisioon ETV Jüri Pihel
Finland Yle Yle TV1 Erkki Pohjanheimo og Sanna Kojo[31][32]
Yle Radio Suomi Iris Mattila og Pasi Hiihtola[32]
Frankrike France Télévision France 2 Olivier Minne[19]
Hellas ERT ET1 Dafni Bokota[33]
Irland RTÉ RTÉ One Pat Kenny[34]
RTÉ Radio 1 Larry Gogan[35]
Island RÚV Sjónvarpið Jakob Frímann Magnússon[36]
Kroatia HRT HRT 1 Aleksandar Kostadinov[37]
Kypros RIK RIK 1 Evi Papamikhail[38]
Malta PBS TVM Charles Saliba
Nederland NOS Nederland 2 Willem van Beusekom[39][40]
Radio 2 Hijlco Span[40]
Noreg NRK NRK1 Jostein Pedersen[5]
NRK P1 Stein Dag Jensen og Anita Skorgan[9]
Polen TVP TVP1 Dorota Osman[41]
Portugal RTP RTP1 Maria Margarida Gaspar[42]
Slovakia STV STV1 Stanislav Ščepán
Slovenia RTVSLO SLO1 Miša Molk
Spania TVE La Primera José Luis Uribarri[43]
Storbritannia BBC BBC1 Terry Wogan
BBC Radio 2 Ken Bruce
Sveits SRG SSR Schweiz 4 Sandra Studer[19][44]
TSR Pierre Grandjean[45]
Sverige SVT SVT 2 Björn Kjellman[46][47]
SR SR P3 Claes-Johan Larsson og Lisa Syrén[46]
Tyrkia TRT TRT 1 Bülend Özveren
Kommentatorar og sendingar i ikkje-deltakande land
Land Kringkastar Kanal Kommentator
Australia SBS SBS TV Ukjend
Danmark Danmarks Radio DR TV Jørgen de Mylius[48][49]
DR P3 Katrine Nyland Sørensen, Martin Loft og Marianne Dinesen[49]
Israel IBA Kanal 1 Ingen kommentator
Jugoslavia RTS RTS 2 Mladen Popović, opptak dagen etter[50]
Litauen LRT LTV Ukjend[51]
Makedonia MRT MTV 2 Vlado Janevski
Romania TVR TVR1 Doina Caramzulescu og Costin Grigore[52]
Russland RTR RTR Vadim Dolgatsjov
Tyskland ARD N3 Ulf Ansorge, også vist i opptak på Das Erste[53][54]
Ungarn MTV MTV2 István Vágó[55]

Lykkeønskingar

[endre | endre wikiteksten]

For fyrste og einaste gong blei deltakarane frå kvart land ønskte lykke til av ein politikar frå sitt heimland, og på sitt eige språk. Lykkeønskingane blei vist i slutten av kvar postkort-film mellom songane. Følgjande personar ønskte deltakaren frå sitt land lykke til:[8]

Land Person Stilling Språk
Tyrkia Süleyman Demirel Tyrkias president Tyrkisk
Storbritannia Virginia Bottomley Statsråd i departementet for nasjonalarv Engelsk
Spania Don Alberto Escudero Claramunt Spanias ambassadør til Noreg Spansk
Portugal António Guterres Portugals statsminister Portugisisk
Kypros Glafkos Klerides Kypros' president Gresk
Malta Edward Fenech Adami Maltas statsminister Maltesisk
Kroatia Zlatko Mateša Kroatias statsminister Kroatisk
Austerrike Elisabeth Gehrer Minister i departementet for utdanning og kulturelle saker Tysk
Sveits Michel Coquoz Sveitsisk chargé d'affaires Fransk
Hellas Katerína Dimaki Gresk chargé d'affaires Gresk
Estland Tiit Vähi Estlands statsminister Estisk
Noreg Gro Harlem Brundtland Noregs statsminister Norsk
Frankrike Philippe Douste-Blazy Frankrikes kulturminister Fransk
Slovenia Milan Kučan Slovenias president Slovensk
Nederland Aad Nuis Statssekretær i Departementet for utdanning og kultur Nederlandsk
Belgia Luc Van den Brande Ministerpresident i Flandern Nederlandsk
Irland John Bruton Taoiseach – Irlands statsminister Engelsk
Finland Riitta Uosukainen Riksdagens talman Finsk
Island Davíð Oddsson Islands statsminister Islandsk
Polen Aleksander Kwaśniewski Polens president Polsk
Bosnia-Hercegovina Alija Izetbegović Leiar av Bosnia-Hercegovinas presidentskap Bosnisk
Slovakia Vladimír Mečiar Slovakias statsminister Slovakisk
Sverige Göran Persson Sveriges statsminister Svensk
  1. Håbjørg, Ane V. (31. mai 1995). «Gi oss Grand Prix!». VG. 
  2. Nærø, Sturle Schulz (1. juni 1995). «Grand Prix-fest for 18 000 i mai». Aftenposten Aften. s. 14. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Eurovision Song Contest Oslo 1996». Henta 14. juni 2017. 
  4. «Grand Final: 1996, 1996, Eurovision Song Contest». BBC. Henta 14. juni 2017. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 «NRK TV – EuroSong 96 – Melodi Grand Prix 1996». NRK (på norsk). 18. mai 1996. Henta 14. juni 2017. 
  6. European Broadcasting Union. «Norway – Eurovision Song Contest». European Broadcasting Union. Henta 29. august 2016. 
  7. «Eurovision Song Contest 1996». eurovision.tv. Henta 3. januar 2017. 
  8. 8,0 8,1 Jostein Pedersen (18. mai 1996). «EuroSong 96 – Melodi Grand Prix 1996». NRK nett-tv (på norsk). Henta 19. august 2017. 
  9. 9,0 9,1 «NRK P1 1996.05.18 : programrapport». urn.nb.no. Nasjonalbiblioteket/ NRK Radio. s. 14. Henta 18. august 2017. 
  10. «Final of Oslo 1996 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 13. september 2022. 
  11. O'Connor, John Kennedy (2010). The Eurovision Song Contest - The Official History. United Kingdom: Carlton Books. ISBN 978-1-84732-521-1. 
  12. 12,0 12,1 «Eurovision 1996 pre-qualification results». esc-history.com. ESC History. Arkivert frå originalen 25. september 2020. Henta 21. oktober 2014. 
  13. «Eurovision Song Contest 1996 – Scoreboard». eurovision.tv. Arkivert frå originalen 19. august 2017. Henta 19. august 2017. 
  14. «And the conductor is …». And the Conductor Is. Henta 23. april 2017. 
  15. «How the Eurovision Song Contest works | Eurovision Song Contest». eurovision.tv (på engelsk). 18. mai 2019. Arkivert frå originalen 31. mai 2022. Henta 4. oktober 2022. 
  16. 16,0 16,1 Roxburgh 2020, s. 273–275.
  17. Savvidis, Khristos. «OGAE Cyprus». OGAE Cyprus. 
  18. «POVIJEST EUROSONGA: 1956–1999 (samo tekstovi)» (på kroatisk). HRT. Arkivert frå originalen 7. januar 2014. Henta 24. juli 2012.  «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 7. januar 2014. Henta 19. august 2017. 
  19. 19,0 19,1 19,2 19,3 19,4 «Concours Eurovision de la Chanson 1996» (på fransk). songcontest.free.fr. Henta 24. juli 2012. 
  20. «Η Δάφνη Μπόκοτα και η EUROVISION (1987-2004)» (på gresk). retromaniax. Arkivert frå originalen 12. september 2012. Henta 24. juli 2012. 
  21. «Eesti žürii punktid edastab Eurovisioonil Tanel Padar» (på estisk). Muusika Planeet. 14. mai 2022. Arkivert frå originalen 19. mai 2022. Henta 25. juni 2022. 
  22. «Nederlandse jurywoordvoerders bij het Eurovisie Songfestival» (på nederlandsk). Eurovision Artists. Henta 22. juni 2022. 
  23. «ESC 1996 belgiske stemmer». mathiasehv. YouTube. Henta 24. juli 2012. 
  24. O'Loughlin, Mikie (8. juni 2021). «RTE Eileen Dunne's marriage to soap star Macdara O'Fatharta, their wedding day and grown up son Cormac». RSVP Live. Reach plc. Arkivert frå originalen 8. juni 2021. Henta 25. juni 2022. 
  25. Thorsson, Leif; Verhage, Martin (2006). Melodifestivalen genom tiderna : de svenska uttagningarna och internationella finalerna. Premium Publishing. s. 254–255. ISBN 91-89136-29-2. 
  26. «Eurovision Song Contest 1996 – full cast». imdb.com. Henta 19. august 2017. 
  27. 27,0 27,1 «Song Contest mit Stermann & Grissemann». wien ORF.at. 1. mai 2012. Henta 29. september 2012. 
  28. axel.halbhuber (22. mai 2015). «Ein virtueller Disput der ESC-Kommentatoren». kurier.at (på tysk). Henta 17. november 2022. 
  29. «Eurosong» (på nederlandsk). mediawatchers.be. Arkivert frå originalen 3. april 2012. Henta 24. juli 2012. 
  30. «COMMENT EXISTER,APRES ?». Le Soir (på fransk). 22. mai 1996. Henta 17. november 2022. 
  31. «Selostajat ja taustalaulajat läpi vuosien? • Viisukuppila». Viisukuppila.fi. Henta 10. august 2012. 
  32. 32,0 32,1 «Televisio & Radio». Helsingin Sanomat. nakoislehti.hs.fi. 18. mai 1996. s. D15–D16. Henta 17. november 2022. 
  33. «Η Δάφνη Μπόκοτα και η EUROVISION (1987–2004)». Retromaniax.gr. Arkivert frå originalen 12. september 2012. Henta 10. august 2012. 
  34. «Pat Kenny: 'As Long As People Still Want Me I'll Keep Coming To Work'» (på engelsk). 3. september 2017. Henta 17. november 2022. 
  35. «Larry Gogan loses his Eurovision ticket». independent (på engelsk). Henta 17. november 2022. 
  36. «tv-guide». Dagskrá (på islandsk). 16. mai 1996. Henta 24. juli 2012. 
  37. «POVIJEST EUROSONGA: 1956–1999 (samo tekstovi)» (på kroatisk). HRT. Arkivert frå originalen 7. januar 2014. Henta 24. juli 2012.  «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 7. januar 2014. Henta 19. august 2017. 
  38. Savvidis, Christos (OGAE Cyprus)
  39. «Nederlandse televisiecommentatoren bij het Eurovisie Songfestival» (på nederlandsk). eurovisionartists.nl. Henta 24. juli 2012. 
  40. 40,0 40,1 «Leidsch Dagblad | 18 mei 1996 | pagina 8». Historische Kranten, Erfgoed Leiden en Omstreken (på nederlandsk). Henta 17. november 2022. 
  41. «Konkurs Piosenki Eurowizji» (på polsk). Eurowizja.com.pl. Arkivert frå originalen 23. mars 2012. Henta 24. juli 2012.  «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 23. mars 2012. Henta 19. august 2017. 
  42. «Comentadores Do ESC - escportugalforum.pt.vu | o forum eurovisivo português». 21595.activeboard.com. Arkivert frå originalen 21. april 2012. Henta 10. august 2012.  «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 21. april 2012. Henta 19. august 2017. 
  43. «Uribarri commentator Eurovision 2010» (på spansk). Foro EuroSong Contest. Arkivert frå originalen 17. mars 2012. Henta 24. juli 2012. 
  44. «Freiburger Nachrichten 18. Mai 1996 — e-newspaperarchives.ch». www.e-newspaperarchives.ch (på tysk). Henta 17. november 2022. 
  45. «La télé aujourd'hui». Le Matin, Tamedia Publications: 27. 18. mai 1996 – via Scriptorium Digital Library. 
  46. 46,0 46,1 Thorsson, Leif; Verhage, Martin (2006). Melodifestivalen genom tiderna : de svenska uttagningarna och internationella finalerna. Premium Publishing. s. 242–243. ISBN 91-89136-29-2. 
  47. «Radio- og TV-programmet Lørdag». Moss Dagblad. Nasjonalbiblioteket. 18. mai 1996. s. 39. Henta 17. november 2022. 
  48. «Danske kommentatorer og pointsoplæsere». Esconnet.dk. Arkivert frå originalen 24. mars 2012. Henta 21. april 2012.  «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 24. mars 2012. Henta 19. august 2017. 
  49. 49,0 49,1 «Programoversigt 18/05/1996». www.larm.fm. LARM. 18. mai 1996. Henta 17. november 2022. 
  50. «Nostalgični RTV press clipping». rtvforum.net. Arkivert frå originalen 29. september 2015. Henta 2. september 2015. 
  51. «TV – sobota, 18 maja» (PDF). Kurier Wileński: 7. 18. mai 1996 – via Polonijna Biblioteka Cyfrowa. 
  52. «Televiziune – sâmbătă 18 mai 1996». Panoramic Radio-TV: 20. 18. mai 1996. 
  53. «41. Eurovision song contest 1996» (på tysk). ECGermany OGAE club. Henta 24. juli 2012. 
  54. Deutschland, RedaktionsNetzwerk. «ESC-Desaster 1996: Als Deutschland in der Vorausscheidung rausflog». www.rnd.de (på tysk). Henta 17. november 2022. 
  55. «Televízió – szombat május 18». Rádió és TeleVízió újság: 42–43. 13. mai 1996. Arkivert frå originalen 23. juli 2022 – via MTVA Archívum.