Hopp til innhald

Kulm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kulm
Kulm
Namn Kulm
Plassering Tauplitz
Byggeår 1950
Bakketype Skiflygingsbakke
Tekniske data
K-punkt 185 m
Bakkestorleik (HS) 200 m
Bakkerekord 215,5 m
Tilløp - lengde
Tilløp - vinkel
Høgde på hoppet
Snøggleik på hoppet
Vinkel på hoppet
Vinkel ved K-punkt
Tilskodarkapasitet 70,000
Klubb WSV Tauplitz/Klachau
Andre bakkar

Kulm er ein skiflygingsbakke i Tauplitz i Austerrike, K-185 (HS 200). I 2006 blei skiflygnings-VM arrangert der. Roar Ljøkelsøy vann individuelt og lagkonkurransen saman med Bjørn Einar Romøren, Sigurd Pettersen og Lars Bystøl.

Det har vore VM der to gonger, i 1986 og 2003. I 2003 vann Roar Ljøkelsøy individuelt, og var òg med på det norske laget som vann lagkonkurransen.

Under verdsmeisterskapen i 1986 gjekk det tydeleg hardare for seg: Fleire hopparar (blant andre Rolf Åge Berg) blei hardt skadd. Berg er i dag 12 prosent lam i ryggen som følgje av fallet i Kulm. Ein japansk hoppar blei frakta vekk med hjartestans, medan Ulf Findeisen øydela kneet.